Lansering av Telemarks historie: Kultivert grenlandsoverklasse og latterleg telebonde?

Det var torsdagskveld, og festframsyning med lansering av det ferske og stort anlagte bokverket Telemarks historie i kulturhuset Ælvespeilet i Porsgrunn. Eit stort opplagt og imponerande samansett program for å vise blenk frå innhaldet i det nye trebandsverket på 1200 sider. Ei forteljing om fylket.

Kjersti Posti Høgli og Leif Arild Sanden var gjennomgåande programleiarar og forteljarar, i roller som porsgrunnsborgaren og samfunnsstøtta Ellen Serine Jeremiassen (1846-1937) og eidsvolls- og stortingsmannen Talleiv Huvestad (1761-1847). Grenland Friteater hadde produksjon og regi for eit program med skiftesvis miniførelesingar og dramatiserte innslag, med god støtte av Telemark messingkvintett og Grenland Operakor. Mange dramaturgiske val var vellukka. Somme val var likevel ikkje heilt gode, og her skal nemnast eitt hovudval som etter vår oppfatning representerte eit sterkt skjemmande drag ved ein elles gjevande kveld.

«Det delte fylket» var så vidt snerta innom i førelesingsinnslaga. Gjennomgangsfigurane Jeremiassen og Huvestad blei presenterte som den kultiverte og respekterte industrieigaren frå byen og den latterlege bonden frå bygda. Huvestad som storbonden frå dette tilsynelatande eindimensjonale og kanskje litt fordummande øvre Telemark, også representert ved ein ‘morsom’ merknad om klein matlaging i Tinn. Tja, kanskje denne Talleiv Huvestad frå Eidsborg var nett slik ein sjølvopptatt og uvitande tosk og bygdetulling som han blei framstilt? Ein slags styven Jeppe-figur som gjekk gjennom livet som ein stavrande og sjølvkytande idiot – og etter dei premissane godt teikna av Sanden? Om nett Huvestad var slik, er eigentleg ikkje poenget her, sjølv om dette ville ha vore rart for ein ‘Fjeldbonde’ som imponerte samtidas kondisjonerte med å vera både ‘belæst’ og ‘elskverdig beskeden’ i si framferd (Wergeland). – Nei, det interessante er at produksjon og regi for festkvelden syntest at ein sjølvopptatt og lattervekkande teikna figur er ein god representant for det ikkje-grenlandske eller ikkje-bratsbergske i fylket, eit godt bilete av ein av dei fremste frå det landskapet som i 1919 av ein eller annan grunn gav namnet til heile fylket. – Og dette i sterk kontrast til det respektfulle biletet som blei teikna av den urbane figuren, tilfeldigvis her fru Jeremiassen, systera til statsminister Gunnar Knudsen, må vita. Den omvendte rollefordelinga hadde truleg vore utenkjeleg.

Også TA’s reportasje 17. 10. frå festkvelden vitnar om at ‘det delte fylket’ og dei høgst levande stereotypiane er ein realitet, sjølv om den såkalla tokulturlæra er gått av moten i fagmiljøa: «[…] Talleiv Huvestad. Den eneste bonden fra Telemark på Eidsvoll. Leif Arild Sanden tok vest-telemarkingen på kornet. Vi har alle vært borte i den pratsomme, humørfylte og artige skruen som skaper liv i ethvert selskap.» Tenk det.

Det er verkeleg ikkje vanskeleg å finne anten jåler, jålebukkar eller andre tullingar i dette fylket, anten historisk eller i notid. Eller skruvar. Det er heller ikkje vanskeleg å finne det motsette.

I dag manglar me ikkje kunnskap om mytane om fylket vårt, i meininga ‘feilaktig kunnskap’. Det er nett fleire av desse mytane forfattarane av dette nye historieverket har sagt dei har vilja kaste meir lys over. Då er det både synd og leitt at framstillinga av det øvretelemarkske framleis kan gjerast så karikert og nedlatande som det Grenland Friteater fekk til i Huvestad-figuren torsdagskvelden. Vonleg kan historieverket hjelpe til med kunnskapsnivået også om desse øvre bygdene i fylket vårt – tydelegvis framleis både merkelege og latterlege for somme – og om folka som har budd der.

Peter Fjågesund
Olav Solberg
Kristian Hanto

Vist 149 ganger. Følges av 2 personer.
Annonse

Nye bilder