Reglar for debattforum

Innlegg og svar på Synspunkt og Telemarkher.no representerer ikkje på nokon måte synet til Telemarksavisa.

  • Du som skriv innlegg og kommentarar på synspunkt.origo.no er forplikta til å diskutere saka, og ikkje å diskutere personen som eventuelt har skrive innlegget du vil svare på.
  • Det er ikkje lov å skrive innlegg under falskt namn, men det er lov å bruke kallenamn (nick).
  • Skriv mest mogleg sakleg.
  • Innlegg som vert oppfatta som trakasserande, og som krenkjer privatlivets fred, namngjer privatpersonar eller omtalar grupper på bakgrunn av livssyn, nasjonalitet, utsjånad, rase eller privatliv på ein slik måte at dei kan kjenne seg truga eller uthengde, vil ikkje bli aksepterte.
  • Telemarkher.no og Synspunkt.origo.no tillet ikkje innlegg som bryt med norsk lov ved at dei inneheld tekst, peikar til, eller bilete av noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkjande, rasistisk, trugande, obskønt, pornografisk, eller på andre måtar i strid med norske lover. IP-adressa til innsendaren blir logga, og ved alvorlege overtramp kan tilhøva bli melde.
  • Kvar brukar har eit sjølvstendig strafferettsleg ansvar for innlegget sitt. Andre brukarar kan klage på innlegg dei meiner bryt med desse reglane, anten ved å klikke på “Klag på dette innlegget”. Den som til ei kvar tid har moderatoransvar vurderer om klagen skal takast til følgje.
  • Trolling vert ikkje akseptert. Moderatorane kan definere det som trolling når ein brukar gjentekne gonger prøver å avspore debattar, medvite uroar diskusjonen med unødige spørsmål som har opplagte svar, prøver å setje andre brukarar opp mot kvarandre, og/eller skriv innlegg som utelukkande har til føremål å provosere andre brukarar. Viss moderatorane meiner at ein brukar skadar debattrådane meir enn vedkomande gagnar dei, så er moderator i sin fulle rett til å åtvare brukaren, fjerne rettigheiter og evt. utestenge brukaren. Målet med denne regelen er å verne om debattflyten i forumet og måten fleirtalet av brukarane ønskjer å nytte det på.
  • TA.no har til ei kvar tid rett til, også på eige initiativ, å redigere eller fjerne innlegg som moderator meiner er i strid med desse retningslinene, eller å stenge ute brukarar som gjentekne gonger bryt reglane for desse sidene.
Vist 284 ganger.
Annonse