Viser arkivet for februar, 2016

«Det blir sikkert så mye krangel med flere tettsteder, at…»

Nome-politikarane har kompetanse på å skape utviklingsbalanse mellom fleire tettstader, og bør ha noko å lære bort i ein ny kommune.

Tilhengarar av aleinegang for Nome kommune i åra etter 2020 har hevda at…
a) Det har gått seg skapeleg til mellom tidlegare Holla og Lunde kommunar i vår felles Nome kommune dei siste 51 åra, og me har fått til mykje bra til beste for innbyggarane gjennom denne tida.
b) Det vil bli eit svare leven om me skal skifte vêr og vind mellom fire-fem tettstader i ein ev. ny Midt-Telemarkkommune.

Om dette skulle henge på greip, måtte det vera etter eit resonnement om at a) var eit slikt ulideleg strev at me ikkje vil ha det oppatt med eit b). Når eg meiner det derimot helst dett av greipen, er det fordi eg meiner det er grunn til å tru på vett og forstand også i ein Midt-Telemarkkommune, slik me har vist det kan skje i Nome. Me har beintfram kompetanse på å finne utviklingsbalanse mellom ulike tettstader, ein viktig kompetanse som Nome tilliks med Sauherad kan ha med seg til skulering av… t.d. bøheringane.

Eg vel for min del å vera optimistisk i tankar om ei velviljug lokaldemokratisk utvikling av ein noko større kommune på desse kantar, der me kan oppnå ei demokratisering av interkommunale tenester me i dag «set bort» til indirekte demokratisk styring i eit litt stivbeina system.

Motsett kan ein altså velja å vera pessimistisk rundt ei slik utvikling, sjølv om me med ein større kommune også ville setta oss betre i stand til å overta meir omfattande oppgåver frå Staten.

Ein ny Midt-Telemarkkommune vil ikkje vera nokon humpefri veg til allmenn kommunal lukke. Ei positiv utvikling for innbyggarane i Midt-Telemark og dei tenestene det kommunale demokratiet skal levere, vil vera resultat av hardt arbeid, der som elles.

Nome kommune har gjennom fleire år vist at høg kvalitet på ein del sentrale tenester står seg best ved å bli administrert i eit område på storleik med dei tre samarbeidande kommunane i Midt-Telemark. Til det treng me ikkje tre ordførarar og tre administrasjonar. Eller tre kommunestyre.

Kristian Hanto
Leiar i Nome Arbeiderparti

Bakstrev som politisk ambisjon i Nome?

For somme ser det ut til å ha blitt eit hovudmotiv å klynge seg til låg arbeidsgjevaravgift i Nome. Dette hovudmotivet ser ut til å ha vakse til den viktigaste grunnen for å unngå ein ny Midt-Telemarkkommune. Kva verkemiddel må i så fall til?

Dei fremste verkemidla for å halde på låg arbeidsgjevaravgift må vera å stø opp om negativ folketalsutvikling, motarbeide næringsutvikling, motarbeide all vekstfare i økonomi og bulyst, og dempe all optimisme som måtte piple opp her og der i kommunen. Etter argumentasjonen å døme, vil også det å tvihalde på Nome kommune så lenge som råd, vera ein viktig føresetnad for ein slik sørgjeleg tilstand. Politikarar som held fana høgt for låg arbeidsgjevaravgift så lenge som råd, driv med bakstrev for Nomes utvikling, ikkje betre enn eg kan sjå. Det er ubrukeleg politikk, og ubrukelege politikarar.

Sjølvsagt ville alle vettuge folk arbeide for ei positiv utvikling av lokalsamfunnet vårt på alle dei områda der lågt nivå i dag ligg til grunn for låg sats på arbeidsgjevaravgifta. Dette vil gjelde anten kommunen er som før, eller blir noko større. Høgare arbeidsgjevaravgift vil dermed vera ein heilt naturleg indirekte ambisjon også i ein liten og hardt prøva kommune, som resultat av ønskt positiv utvikling i næringsliv og folketalsutvikling. For alle unntatt bakstrevarane.

Derfor er ei framleis låg arbeidsgjevaravgift ein dårleg politisk ambisjon. Derfor fell også dette argumentet mot ein ny Midt-Telemarkkommune.

Kristian Hanto